Det du no les, er ein nettstad som frå februar 2007 til september 2009 eksisterte for å propagandera for i-målet. I treet til høgre kan ein finna alle emni det er skrive om og slik finna tekstar på i-mål om ymsande emne.
Når det viser seg at den skriftspråklege revolusjonen i Noreg ikkje vart trigga av denne nettstaden lell, er det like greitt å gjeva seg medan leiken er god. Det er lite truleg at i-målet vert det einaste skriftspråket i Noreg, og ein lyt nok berre godtaka nederlaget.
I og med at nettstaden hev eksistert som eit utstillingsvindauge for i-målet, tykkjest det rart å skifta målform, så dette innlegget er det siste som vert publisert på denne nettstaden, som heretter er å rekna som ei slags oppsummering av tankar skrivaren hev hatt i det nemnte tidsrommet.
30.9.09
29.9.09
Spesiell start på Premier League
No byrjar kanskje klasseskiljet mellom dei rike klubbane og resten i Premier League å gjera seg gjeldande på skikkeleg. Viss ein glytter på tabellen, finn ein fort ut at av 66 spelt kampar so langt, er fire (!) enda med uavgjort, altso vel seks prosent. Glytter ein på tabellen i Tippeligaen, vil ein fort finna ut at der er det mange kampar som endar uavgjort. I grunn er det trist at skilnaden mellom dei fem-seks beste lagi og resten er so stor, men slik kjem det nok til å bli i overskodeleg framtid. Det er mesta som ein kan vona at dei rikaste klubbane au vil verta råka av finanskrisa, men det skjer nok neppe. Det einaste spaningsmomentet er om Manchester City klarar å sprenga seg inn blant topp fire og svekka økonomien til ein av dei fire store klubbane tilstrekkeleg til at den klubben fær ein varig svekt økonomi. Det hadde vore noko iallfall. So fær eg personleg vona at ein eller annan superrik galning fær eit fikst hugsviv om at viss Tottenham ikkje vinn ligaen, gjeng verdi under, og er viljug til å betala det det kostar å redda verdi.
27.9.09
Endå meir nostalgi
I denne songen viser igjen Patsy Cline sin stordom. Ei vakker openberring i enkelheit og folkelegheit. Det var denne songen som fyrst fekk meg til å få augi opp for ho.
Nostalgi på tilsyn
Når ein gjeng tilsyn i seine nattetimar, er det lett å verta nostalgisk og kasta seg over youtube sine snuttar av låter frå den gongen ein var ung. I kveld hev eg "revisited" Tindrum sin gamle hit "Drums of War":
26.9.09
I fall to pieces
Eg kan ikkje noko for det; det er sikkert ei skam å seia dette for ein lektor i det sentrale daningsfaget norsk i vidaregangande, men eg tykkjer Patsy Cline er stor. Kall meg enkel, fæl, primitiv. Ho er stor!
Anekdote 260909
Ein gong sat eg og fetteren min og køyrde bil etter flate austlandske vegar og diskuterte den norske målstoda. Eg prøvde å overtyda honom om fortreffelegheiti åt i-målet. Då smilte han lurt og sagde: "Det at du skriv i-mål, er ein ironisk kommentar til den norske målsoga." Kanskje han hadde eit skikkeleg "flash of insight" der?
23.9.09
Frå gråheiti til toppane

I kveld hev eg sett ein stor film og ein medels. Den medels filmen er "Borat", som slik eg ser det hev ein del banal humor ein kan le av, men som neppe er truverdig, og ikkje er spesielt djup heller.
Da var den andre filmen noko heilt anna: Alf Sjöbergs "Frøken Julie" frå 1951. Eg hev aldri lese Strindberg sitt kjende drama, men filmen var sublim: ypparlege rolletolkingar, mykje spanande kamerabruk, og det naturalistiske innhaldet stykket er kjend for, kjem førebiletleg fram. Dette må vera det beste av svensk film utanom Bergman. Lat ganga at materialet var bra, men dette var for meg ein av dei finaste filmane eg hev sett. Ikkje eit sekund er unaudsynt i denne filmen! Det er nerve og spaning heile vegen, og store menneskelege konfliktar vert gestalta i eit nydeleg filmspråk, akkompagnert av høveleg musikk, og attom det aristokratiske miljøet æser den folkelege livsgleda ved jonsokkvelden ut, i ein tydeleg kontrast til det på førehand dømte forholdet mellom aristokratdotteri (øydelagd av mori sin galenskap) og tenaren. Skrømti frå fortidi innhentar oss!
Sjølv utan kjennskap til dei store sosiale skilji den gongen forstend ein at deira kjenslor aldri kunne levast ut, da det førebiletleg blir forklart gjennom m.a. opplevingar dei to elskande hadde som born at kjærleik mellom sosiale og økonomiske gap den gongen berre var til å gløyma. Og midt i dette finn ein mykje herleg skildring av folkelivet slik det var. Ein fælsleg ironi er det i at dei to elskande sin draum hev sin topp under jonsokkvelden, den kvelden i året då frævleik vert hylla (ein slags maipåle vert heist i byrjingi og lyt vera eit frævleikssymbol).
Fantastisk oppleving, og ein fin opptur etter den oppskrytte "Borat" som ikkje når Strindberg til knei. Eg fekk denne filmen for ein verkeleg billeg penge på Platekompaniet. Laup og kjøp!
22.9.09
Extra-trekning!
Om fire minutt er det Extra-trekning på tv. Då kjem eg til å sitja klistra til skjermen. Dei folki som hev det programmet, er so folkelege at det ikkje er til å tru, serleg Anders Martinius Tangen. I eit folkelegheitsperspektiv er han ei rein njoting. Det er noko med dialekten og framtoningi som gjerer at til og med eg trur eg kan bli folkeleg ein dag, av ein eller annan grunn, for ei slik tru hev jo ingen grunn i røyndi. Men det er vel difor han fekk jobben? Men no lyt eg springa!
Paraplyane i Cherbourg

Som alle veit, ser eg ein del film for tidi, og i går var det den kjende franske musikalen "Paraplyane i Cherbourg" som stod for tur. Han skal visst vera ein genial, vakker film om ung kjærleik. Tja. Mogleg det, men for meg kom filmen i kategorien "grei nok".
Det som faktisk fascinerte meg mest med filmen, var fargane. Og serleg alle dei utrulege veggane ein fekk sjå i laupet av filmen. Eg vil tru folk opptekne av interiør må lika ein slik film. Uansett var det artig for meg å oppleva å bli fascinert av veggfargar og interiør. Det er liksom ikkje heilt meg...

21.9.09
I dårleg bloggeform?
Eg trur hlewagastiR ikkje er heilt i slag for tidi. No hev han mesta fjerna alt på høgra sida på bloggen sin, og han hev slutta å følgja andre bloggar. Eitt eller anna er i ferd med å skje iallfall. Kva det er, vil tidi syna. Kanskje han er gjenge lei av blogglivet. Kanskje han vil nytta nerken sin på andre ting enn blogging.
15.9.09
Meiningsmålingane avgjorde valet?
Det er mykje å seia om valet, men eg vil her berre leggja vekt på eitt aspekt. Min analyse av valet kan summerast opp i denne påstanden: Dei raudgrøne vann grunna dårleg handverk hjå meiningsmålingsselskapi. Vinstre hev i skrivande stund 3,9 prosent av røystene når 99,9 prosent av røystene er talde opp. Og kva so?
Poenget er at ved det førre valet var det ei røys med borgarlege veljarar som røysta Vinstre for å sikra at partiet kom over sperregrensa og slik tok utjamningsmandat fra SV og Senterpartiet. Og den gongen viste meiningsmålingane at Vinstre låg rett ved eller under sperregrensa. Ved dette valet hev partiet stort sett lege på mellom 4,5 og 7 prosent på meiningsmålingane, det var altso ingen grunn til å tru at partiet gjekk mot katastrofe, og dermed fekk ein ikkje det same fokuset på å få dei over sperregrensa. Hadde det fokuset vore der, ville dei garantert kome over.
Dei raudgrøne fær no 86 mandat. Hadde Vinstre kome over det magiske talet, ville dei truleg fenge fem utjamningsmandat, og to av dei ville med stort sannsyn vorte teke frå småpartii i den raudgrøne koalisjonen. Dette kunne sjølvsagt kosta dei andre borgarlege partii distriktsmandat, men truleg ville Vinstre teke eitt reint dikstriktsmandat frå Arbeidarpartiet i Hordaland, og det verkar på meg som fordelingi av mandat i fylki er prega av at det er ganske mykje som skal til for at fordelingi av distriktsmandati skal brigdast på.
Truleg er det difor rett å seia at viss ein hadde fenge Vinstre over sperregrensa, hadde dei borgarlege hatt 85 mandat, og grunnen til at ein slik redningsaksjon ikkje kom, var at Vinstre på ingen meiningsmålingar såg ut til å gjera det so dårleg. Dette seier au noko om kor utruleg jamt dette valet var.

13.9.09
Song Of The Gulls
Progressiv rock kan vera so mangt. Ei av låtene King Crimson hev laga som stundom hev fascinert meg mest, er denne fine melodien frå "Islands". Njot!
12.9.09
Nye flyktningtal
SSB kjem snart med nye tal over flyktningstraumen til Noreg. Medan det tidlegare år hev kome tal mykje tidlegare enn i september, vel ein altso i år å offentleggjera tali dagen etter valet. Er det nokon som tvilar på at det ligg ein politisk agenda attom? Det passar liksom litt for godt til å vera tilfeldig. Eller?
Stortingsvalet 09 - mi gissing
No er det berre to dagar att til valet, og meiningsmålingane sprikar i ulike retningar. Sjølv trur eg på eit raudgrønt fleirtal, og dette av to grunnar:
1. Arbeidarpartiet plar mobilisera store gruppor på slutten og hev den største veljarreserven.
2. Valordningi gjerer at dess meir eit parti kjem over 30 prosent, dess meir fær det uproposjonalt fleire representantar ein prosenttalet skulle tilseia. Denne perioden t.d. hev Arbeidarpartiet hatt 61 mandat, jamvel om prosenttalet ved valet i 2005 (32,7) matematisk skulle bli 55-56 mandat.
Eg tippar denne prosentvise fordelingi av røystene:
Arbeidarpartiet: 33,6
Framstigspartiet: 23,2
Høgre: 16,6
SV: 6,6
Kristeleg Folkeparti: 6,2
Senterpartiet: 6,0
Vinstre: 5,1
Raudt: 1,9
Andre: 0,8
Koss dette slær ut i mandattal, er avhengig av kor heldig Arbeidarpartiet er når det gjeld å kapra sistemandat i fylki. Dei vert sagt at dei kjempar om slike i 13 fylke, og fær dei inn mange av dei, vert det raudgrønt fleirtal, sjølv om monaleg fleire røyster på dei borgarlege partii. Sjølv trur eg det vert 86-83 til dei raudgrøne, med eitt mandat til Raudt (i Oslo). Men her kjem mykje an på tilfeldigheiter når det gjeld sistemandati, småe brigde i dei einskilde fylki kan gjera at sistemandatet gjeng til eit anna parti enn Arbeidarpartiet, og da ryk fleirtalet for dei raudgrøne. Uansett vert det eit spanande val!

6.9.09
Nydal
I Førde ligg det ein gard som heiter Nydal (visstnok uttala med dobbel d: Nyddal). Ein ny dal, kan ein kanskje tenkja. Førestavingane i norske gardsnamn er ofte ikkje lette å tolka. Det at namni er vortne so ofte brukte, gjerer at dei er blitt avslipte gjennom hundreåri.
Kva so med førelekken her? Kva tyder "Ny" i dette stadnamnet? Skal ein finna ut slikt, er det fantastiske åndsverket Norske Gaardnavne staden å leita. Granskaren Kjær meiner at det er eit elvenamn, Nitja, som ligg til grunn for førelekken. Y-en er oppstaden ved eit slags u-ljodbrigde, i bøygningsformi Nitju. Den doble d-en i uttalen kjem av assimilasjon td - dd. Men tydingi? Her lyt eg diverre vitra at førelekken er utolka. Sophus Bugge hev freista seg med at elvenamnet hev ein samanhang med ordet "net" (fiskenett), men det føreset visst eit dobbelt i-ljodbrigde, og ifølgje Kjær er dette "visstnok for vovet", og ein lyt berre leva med at
"[n]ogen sikker Forklaring af Elvenavnet Nitja er ikke funden".
For ein som er interessert i onomastikk (namnegransking), er det alltid ei stor sorg over eit utolka namn. Det er noko ekstremt melankolsk over det, eit vitnemål om daude og fattigdom, og eit vitnemål om band til gamle tider som er brotne for godt. Kanskje lokale granskarar, med lokal kjennskap til elvi og landskapet rundt hev idear? Men so hev ein problemet med at landskapet brigdar seg mykje gjennom tusen år, slik at det som var namngjevande i ei fjern fortid er borte, og ordet som låg attom kanskje likeins. Sørgjeleg!

3.9.09
Ibsen. Løftet

Løfte: Eg skal i laupet av hausten freista koma meg gjennom alle skodespeli åt Ibsen.
I overskrifti ligg det eit ordspel. Det er eit løfte at eg skal freista koma meg gjennom skodespeli hans, og det å gjera det inneber eit daningmessig løft som vonleg vil gjera meg til eit betre, meir dana menneske og legitimera det at eg underviser elevar i vidaregangande i norsk. Ein norsklærar lyt vera toppdana, og på norsk finst ingi daning høgare enn Ibsen.
Visst veit eg at Ibsen ikkje lenger er nemnt spesifikt i læreplanen. Denne nasjonale skammi er det heldigvis ikkje eg som stend bak. Det eg veit, er at Ibsen er so stor at kvar gong ein les eit stykke av honom (stort sett iallfall), fær ein noko nytt, og at han er den absolutt sentrale forfattaren i norskfaget. Og so hev eg lyst til å prøva ei utsegn av Jon Fosse; at det er noko veldig svart og demonisk i diktingi åt Ibsen. Eg skal leita etter og freista kjenna dei mørke og demoniske sidone i verki. So fær ein sjå om eg kjem i mål i laupet av hausten. Det var dette med at det er so mange bøker ein skulle hava lese...
1.9.09
Skuret
Eg hev nett lese ein roman som visstnok er i ferd med å verta kristendommen sin nye "Pilgrim's Progress". Boki er "Skuret" av William Paul Young. Ein mann som heiter Mack fær eit brev der han vert beden av "Pappa" om å koma til eit skur der han hev opplevd det forferdelege å miste dotter si til ein fæl mordar. (Det er muleg eg missar nokre detaljar her, byrjingi var til tider keisam.)Og han møter Gud. Trieiningi er ikjøta på ymse måtar, med Faderen som ei svart kvinne (kalla "Pappa" i boki), Jesus som snill, ganske ung mann, og Heilaganden som ei kvinne frå Asia.
Det relasjonelle aspektet ved trieiningi og eit gudstilhøve generelt vert trekt fram, og det er mange tankar i boki knytt til det vonde sitt problem å kva å hava ei tru eigentleg tyder som er perspektiverande.
Samstundes lyt eg seia at noko av problemi knytte til det vonde sitt problem vert noko lettvint handsama, og antropomorfiseringi sine begrensingar vert au for meg tydelege. Det er liksom noko lite heilagt med ein Fader som er ei kvinne som lagar mat og lytter til noko som heiter "funk".
Eg skal ikkje seia so mykje om innhaldet. Dels las eg boki for raskt (mykje bør tenkast grundig over) til at eg kan uttala meg so mykje om ho, dels er ho so rik på innhald at der er vanskeleg å oppsummera ho på ein enkel måte, men forvitneleg var ho, og uansett er det greitt å hava lese ei bok som er i ferd med å bli sopass sentral for mange kristne i verdi.
Ein skal lell veta på førehand at boki er utfordrande for den tradisjonelle kristne både med omsyn til meinigheitssyn, gudsbilete, tanken om kristendommen som den eine sanne religion og det vonde sitt problem. Ein kan bli utfordra og provosert på mange område. Men for all del, les ho gjerne, om ikkje anna so for å sjå kva som rører seg i tidi. Sjølv kjem eg kanskje til å lesa ho att seinare, i eit rolegare tempo (eg lånte denne utgåva).
28.8.09
Hovlik
For to dagar sidan fødde systeri mi ein son. Det er no ikkje so spesielt. Det som er spesielt med denne fødselen, er namnet på guten: Hovlik. Som ein kan sjå, bestend det i den formi namnet er i no, av to lekkar som er kjende norske ord:
hov: heidensk gudshus i norrøn tid
lik: død lekam, dødt menneske
Namnet gjev kanskje ikkje dei aller beste konnotasjonane!
Hovlik er ei dialektal form av det i hovudsak mellomalderlege namnet Hugleik, og det hev funnest i denne formi i eit lite, avgrensa omkverve i Noreg. Namnet er ei oppattkalling. På garden der namnet åt mor mi kjem frå, hadde odelsgutane alltid eitt av to namn: Anders eller Hovlik. Det er grunnen til at syster mi (og eg) kjenner til dette spesielle namnet. Den siste bonden på garden som hadde dette namnet, var tippoldefar min.
Ifylgje ssb.no er det i dag 3, 2, 1 eller 0 menn som hev dette namnet til førenamn. Og dette arkaiske namnet skal altso guten hava med seg inn i livet. På sett og vis er det jo litt artig at eit slikt namn stend opp frå namnedauden, men om det vert til bate for guten, vil tidi syna. Merksemd vil det iallfall vekka.

Problemstilling
Viss eg skal ganga over til bokmål, skal eg da legga ned denne bloggen? Det vil vel liksom vera litt rart at ein blogg som hev vore eit utstillingsvindauge for i-målet, plutseleg skal skifta over til bokmål. Samstundes er jo bloggen på sett og vis vorte ein del av meg. Ikkje lett dette. Men "hlewagastiR" hører på ein måte meir saman med i-mål enn bokmål...
26.8.09
Retorikk
Eitt av dei nye emni byråkratane hev overlesst det nye norskfaget med, er retorikk. No sit eg og førebur meg på å undervisa dei vonefulle i det, og det slær meg kor openbert det er at dette emnet hører heime på høgskule- og universitetsnivå. Sjølv eg som lærar tykkjer det er komplisert, og da torer eg ikkje tenka på koss det er for skuletrøtte elevar.
Og dei som skriv lærebøker, trur sikkert at eit teorikapittel på sju sidor med nokre temmeleg kompliserte dømetekstar skal gjera elevane rusta til på sjølvstendig vis analysera tekstar retorisk (eg ville aldri klart å skrive noko liknande sjølv som dømetekstane). Sanningi er at dette er so fjernt for dei (og kapittelet so teoretisk) at me hev mått nytta MANGE timar (for ikkje å seie vekor) for å "koma inn i" retorikken. Og i og med at lite er teke ut or faget, gjerer dette nye kapittelet faget enno meir tungt og overfylt.
Eigentleg er det artig å lesa læreplanar der folk med lite røynsle frå klasserommet sit i sine høge stolar og hev store vyar på vegner av den stakkars ungdommen. Sjølv kjem eg som lærar og sensor til å nytta sunt bondevit viss eg skal retta tekstar der elevar skal "nytta omgrep frå retorikken". Nokre gonger lyt lærarane tenka meir enn dei som stend over dei i status og rang.
Det einaste fornuftige i kapittelet er dette med argumentasjon (som elevane hadde i fyrste klasse lell) og aptum-omgrepet, samt dette med å vurdere tekstar i kontekst. Elles er stoffet eigentleg unaudsynt, og sjølv er eg ikkje vorte so mykje klokare i retorisk analyse etter å hava lese kapittelet tri gonger.

24.8.09
Helgi åt ein norsklærar

Her kjem eit lite innspel til dei som misunner oss lærarar all den fritidi me hev. Det er sant at det er mykje feriar for ein lærar, og me som ikkje hev bunde arbeidstid, hev ein del fridom andre berre kan drøyma om. Men norsklærarar som vil gjera sykni skikkeleg, kan i prinsippet halda på i mange liv med å førebu seg på norsklærargjerningi.
Denne helgi t.d., brukte eg delar av både laur- og sundagen på fagleg oppdatering. Laurdag las eg Frobenius' "Latours katalog", medan eg på sundag las Løveids noko pussige skodespel "Maria Q". Båe tekstane kan forresten tilrådast!
Sidan film er vorte ein del av faget, freistar eg jamleg å sjå film, og i helgi var det to klassikarar frå film noir som stod på plakaten; "Mildred Pierce" og "Malteserfalken". I det heile lyt eg seia at eg er ganske imponert over ein del av det eg har sett innan denne sjangeren. Dioalogen er mykje betre enn i moderne filmar, det er eit skikkeleg driv og tempo i filmane, og dei hev ein bodskap om verdi dei er ein del av.
For all del, livet er ikkje berre vyrke, og fotball vart det nøgdi av i helgi au. Norsklæraren kan i prinsippet som sagt nytta mange liv på fagleg oppdatering og førebuing. Heldigvis var det av den trivelege sorten denne gongen.
10.8.09
Eit folkeleg storting
På denne nettsida er det ei oversikt over kven som ligg an til å koma inn på Stortinget etter valet. Viss ein klikkar på kvar einskild person, kan ein sjå kva utdanning og erfaringar personen hev.
Og det er ganske skræmande å sjå, skal eg seia det beint ut. Med tanke på at dei som sit på Stortinget, skal forvalte ubegripelege summar med pengar, laga utanrikspolitikk og taka stilling til veldig komplekse problemstillingar knytte til mange fagfelt, er det heilt utruleg at det er so få akademikarar som sit der. Eg seier ikkje at akademikarar forstend alt, men det er no slik at på alle andre arenaer i samfunnet lyt ein mesta hava ein doktorgrad for å uttala seg om småtteri.
Klikk, sjå og le! På Stortinget treng ein mesta ikkje kunna noko.
Men når alt kjem til alt, er det kanskje ikkje so farleg. Dei fleste gjerer som partiet seier lell, og dei som hev laga utgreingane, hev vonleg meir intelligens, peiling og utdanning enn dei folki som skal styra oss dei neste fire åri. Alt ein strengt teke treng å gjera som stortingsrepresentant, er å trykka på den rette knappen når det er avstemming, noko dei fleste bør klara.
Slik gjeng det når politikarlønningane er relativt dårlege og folk lyt driva med politikk på heiltid frå dei er 20 for å koma inn på Stortinget. Unntaket når det gjeld det siste, er FrP (mellom anna av di partiet er sopass nytt som stort parti med utbygd partiapparat), men av ein eller annan grunn ser det ut til at nettopp det partiet rekrutterer dårleg hjå akademikarar...

Subscribe to:
Posts (Atom)