Eg brukar ofte feriane mine på å betala ned på det enorme faglege gjeldsbrevet eg hev som norsklærar, som vart mykje større etter reformi der mange nye emne kom inn i faget. Film og internasjonal litteratur skal vektleggast meir enn før, og difor hev eg brukt denne dagen på fagleg fordjuping.
Shakespeares "Macbeth" er ein fascinerande tragedie om ein usurperande konge, og eg likte stykket godt. Det er nerve i det, og bruken av tri hekser for å fortelja om framtidi er inciterande. (Dette stykket er spesielt i og med at det truleg er omarbeidd frå originalen. Me hev berre foliomanuskriptet frå 1623, og Hekate si rolle verkar veldig innklistra attåt dei tri heksene.) Heksene kan på sett og vis minna om Urd, Verdande og Skuld frå Voluspå, ein type lagnadsnornor, kanskje er det ei germansk segnførestelling som hev levd igjennom hundreåri og framleis var levande på Shakespeare si tid? Ein fær spørja folkloristane.
Ikkje berre er det ein god tragedie om ein kongemordar sin usurpasjon og fall (båe delar profetert av heksene), men det tematiserer ambisjon og samstundes er det fullt av poesi, trass i ei ytre handling som ofte er blodig som berre det.
Stykket er au prega av nydelege lyriske parti om natur og dei menneskelege kåri, det er når ein les Shakespeare at ein verkeleg angrar på at ein ikkje tok seg bryet å læra engelsk flytande. Uansett vil ag absolutt tilrå å lesa det. Det er spanande og vakkert på same tid, og både Macbeth og Lady Macbeth er forvitnelege karakterar. Eg vil ikkje røpa for mykje om stykket, men berre avslutta med å sitera eit utdrag frå den femte scena i femte akt (omsett til i-mål av meg):
I morgon og i morgon og i morgon,
slik krek det seg fram frå dag til dag,
til siste staving i tidi si bok.
Og alle dagar hev lyst narren veg
til støvet åt dauden. Sløkk, sløkk, du korte ljos;
livet vårt er berre ein skugge, gjøglaren
geberdar seg sin times tid på scena
og hørest aldri meir. Det er ei segn
lesen av ein dåre, fullt av ståk og leven
utan noka meining.
Filmen "Lost in Translation" vart eg ikkje heilt klok på (eg vil tru dei fleste kjenner til denne filmen). To einsame menneske møtest i storbyen Tokyo, ein ypparleg setting for å tematisera einsemdi det moderne mennesket ber på. Mange biletklypp frå Tokyo og framvising av overflatiske menneske og underhaldning gjorde at filmen hadde noko i seg, utan at eg vart veldig imponert. Det beste var at den obligatoriske sex-scena mellom den medelaldrande filmstjerna (kor mange menneske treffer på og blir kjende med slike på eit hotell??) og den unge, vakre, småfrustrerte og einsame dama uteblei. På imdb.com ser eg at filmen hev fenge veldig ulike tilbakemeldingar, noko som sjølvsagt berre viser at smak er viktig, men totalt hev filmen fenge 7,9 av 10. Samstundes seier filmen noko om einsemd, meiningsløyse, overflatiskheit, sorg over tidi som gjeng, trongen etter noko nytt etc, slik at mange nok kan kjenna seg att i ein del av det filmen tek opp. Heilt ubrukeleg var han dermed ikkje, men det store var det ikkje. Men det kan no vera berre meg.
Etter å hava sett ein del film er det meir og meir klart for meg at dei "store" filmane ofte fyller folk sine behov for dagdraum, røyndomsflukt, tidtrøyte, underhaldning. Det hjelper til å sløva oss ned og tola livet. Kanskje er det ikkje so rart at Bergman ikkje er ein hit for folk flest. Men for meg blir slike filmar ofte langsame.
So Shakespeare vann lett, trass i at teksten er omsett til norsk og at ein del av meisterskapen i hans handsaming av det engelske språket vart "lost in translation".
27.12.08
23.12.08
Nokre tankar om ikjøtingi
Det som er vorte kapitalismen sin store fest, er eigentleg feiringi av det største mysteriet i kristendommen og verdshistoria, at Ordet vart menneske, at Gud vart menneske: ikjøtingi eller inkarnasjonen.
Dei mektige versi i Johannesprologen er kanskje finast på norsk i 1921-utgåva (revidert 1938). Johannes 1, 1-5:
1 I upphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i upphavet hjå Gud. 3 All ting vart til ved han, og utan han vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset åt menneski. 5 Og ljoset skin i myrkret, og myrkret tok ikkje imot det.
I sin kommentar til Det nye Testamentet frå 1953 (her sitert frå sidone 69-74) skriv William Hendriksen tydeleg og greitt om korfor Ordet ikkje kan vera noko anna enn Gud. «It is rooted not in Greek but in Semitic thought.» Allereie i Det gamle Testamentet er Guds Ord skildra som ein person. Sjå Salme 33,6: «Himlane er skapte ved Herrens Ord, og all deira her ved hans munns ande.»
Den beste kommentaren som kan skrivast, stend ifølgje Hendriksen i Ordtøka 8, 27-30:
27 Då han bygde himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet. 28 Då han feste skyene i det høge, då han batt kjeldone i djupet, 29 då han sette grensa for havet, so vatnet ikkje gjeng lenger enn han byd, då han la grunnvollar for jordi – 30 då var eg verksmeister hjå han, og eg var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn[.]
Hendriksen nyttar ei litt annleis omsetting enn det me er vane med i vers 1, nemleg at Ordet var face to face with God. Dette tyder at fellesskapen mellom Far og Son var så nær som mogleg, det fær ogso fram poenget med at det er snakk om to distinkte personar: «Thus, the full deity of Christ, his eternity, and his distinct personal existence are confessed[.]»
Vers 3 er viktig at di det aksentuerer at Kristus er æveleg og ikkje er ein skapnad, faktisk er eksistens umogleg utan han, ein slik status er det utenkeleg å knyta til noko som er skapt.
Liv og ljos vert knytte saman i vers 4. Hendriksen meiner at verset tyder at «from all eternity and throughout the entire old dispensation [pakt, tidshushaldning], life resided in the Word». Men kva meiner ein med liv her? Det heng saman med samanknytinga til ljos, og Hendriksen kjem fram til fylgjande:
«From this context it is clear that the terms life and light belong to the spiritual sphere. Moreover, both in the Fourth Gospel and in the First Epistle, the term life [...] always (54 times) moves in that realm.»
Her kan Hendriksen tykkjast å vera noko livsfjern, men seinare poengterer han at liv her au tyder det fysiske livet på jorda: «But altough life as such is purely spiritual, [...] it is the cause, source and principle of all life, physical as well as spiritual.»
Både Hendriksen og kommentatoren Merrill Tenney legg stor vekt på dette med Ordet som menneski sitt ljos, Tenney (1981, s. 29) seier det enkelt og greitt slik: «In him God's purpose and power are made available to men. He is their ultimate hope.»
Det tragiske med vers 5 er at mørket ikkje tok imot ljoset. No ser eg at kommentatorane nyttar to ulike omsetjingar her, som fær teologiske implikasjonar. Tenney nyttar omsetjingi «did not overcome it», medan Hendriksen strikt avviser ei slik omsetjing og meiner «did not appropriate it» er den rette, og meiner det greske ordet faktisk er ein litot for at Lyset alltid er hata i verdi.
Her ser ein kor viktig det er med kunnskapar om originalteksten og koss ulike omsetjingar ein vel, påverkar teologien. Det er klart at det er noko anna å seia at menneski ikkje kunne «overvelda, overmanna» ljoset enn at menneski ikkje tok mot det. Tydeleg er Hendriksen meir konservativ enn Tenney?
Eit anna spørsmål er om menneskesynet i desse versi er prega av gresk, dualitisk tenking meir enn at dei er eit direkte uttrykk for kva syn menneske hev på Kristus. Tydeleg er det iallfall for meg etter å ha arbeidd meg litt inn i denne litle teksten at det å tolka Bibelen ikkje er lett arbeid, men krev mykje kunnskap om grunnspråki. Båe kommentarane hev filologiske betraktningar om ord i grunnteksten som lekmannen sjølvsagt ikkje kjenner til. Eit anna spørsmål er jo om det er naudsynt at teologi skal vera so utruleg komplisert, eit spørsmål eg alltid tenker på når eg hører forkynnarar og prestar sine meir eller mindre velformulerte utleggingar av bibeltekstar. Men det er ei anna historie.
Dette var nokre tankar knytt til den høgtidi me no gjeng inn i. Eg hev kjøpt meg to digre bibelkommentarar frå USA, og vonleg vil det hjelpa meg til å forstanda meir og få meir lyst til å setta meg inn i Bibelen.
Endepunktet for Kristus her på jordi var krossen. Far til Edvard Hoem skal ha sagt noko sånt som at det er det einaste håpet me hev. Og det er det me eigentleg skal minnast i joli. Eg ynskjer iallfall lesarane av bloggen god jol!
For interesserte (gode kjøp!):
Litteratur:
Hendriksen, William. 1953. New Testament Commentary. John. Baker Academic, Grand Rapids, Michigan.
Tenney, Merrill C. 1981. The Expositor's Bible Commentary. John and Acts. The Gospel of John. Gæbelein, Frank (ed.). Zondervan, Grand Rapids, Michigan.

Korfor Murray Rothbard vart anarkist
Nett no les eg ei forvitneleg bok, "The Betrayal of the American Right" (utgjeve av Ludwig von Mises Institute, 2007) av den kanskje leiande anarko-kapitalisten Murray Rothbard. I sin ungdom var han nok meir ein minarkist (som vil hava ein minimal stat), men i denne boki (s. 74) viser han til ein samtale med nokre vener som synte honom det ulogiske i å vere minarkist. Den korte samtalen er sopass forvitneleg at eg legg honom ut:
They: What is the legitimate basis your laissez-faire government, for this political entity confined solely to defending person and property?
I: Well, the people get together and decide to establish such a government.
They: But if "the people" can do that, why can't they do exactly the same thing and get together to choose a government that will build steel plants, dams, etc.?
Her kan ein for det pedagogiske leggja til at "they" like gjerne kunne sagt laga den enorme juggernauten av ein velferdsstat med tilhørande byråkrati som er vanleg i Vesten.
Koss tenkte Rothbard om dette? Svaret stend rett under: "I realized in a flash that their logic was impeccable, that laissez-faire was logically untenable, and that either I had to become a liberal, or move onward into anarchism. I became an anarchist."
Dette er eit viktig sitat av di det syner det mange meiner er det ulogiske i å hava ein minimalistisk stat, iallfall det uprinsipielle i det; staten kan jo i prinsippet gjera kva som helst so lenge det er ein stat der fleirtalet rår, og der fleirtalet sine ynske skal koma til uttrykk i praktisk politikk. I anarkismen unngjeng ein dette problemet.
I Noreg er kanskje ikkje dette spørsmålet so aktuelt (heller ikkje i USA eigentleg, men der er det nok fleire som kjenner til slike tankar), men i amerikansk libertarianisme (eg er usikker på om ordet finst på norsk) var Rothbard si omvending skilsetjande på den måten at anarko-kapitalismen fekk ein intellektuell gigant i rekkone sine.

Labels:
filosofi,
libertarianisme,
politikk,
USA
21.12.08
Sensasjonell Premier League
Dette er neppe eit tema som interesserer lesarane av denne bloggen, men som ein ihuga følgjar av Premier League kjenner eg ein trong for å lufta nokre tankar om denne verdi si beste og råaste fotballturnering.
Poenget er at dette nok er den jamnaste sesongen sidan Premier League starta attende i 1992. I dag såg eg Tottenham nok ein gong tapa ein ganske jamn kamp, skuffande vart det 1-2 borte mot Newcastle.
Det uhyggelege er at i år kan dei rykka ned. Harry Redknapp sagde det rett ut i kveld at alle frå og med Hull (på 6. plass) og nedover kan rykka ned. Og han hev rett. Alle slær alle, tilsynelatande utan noko mønster.
På dei første åtte kampane i år, under idioten Ramos, hadde Tottenham statistikken 0-2-6. Det kan diverre vera nok til å sørga for at livet mitt fær ei ny vending, gjennom den ultimate katastrofen, al-naqba i titusande potens: nedrykket. Det heilt utenkelege, det som absolutt ikkje kunne eller skulle skje, kan skje.
Grunnen til at Premier League er so jamn, er nok at alle nyopprykka lag fær ein so stor sum med pengar at dei kan bygga eit brukbart lag. Hev dei da ein god trenar og lagånd, kan dette utjamna skilnaden i kvalitet andsynes dei etablerte lagi i Premier League, og nett dette er det som hev skjedd i år.
I alle fall gjeng me mot den mest spanande vårsesongen på uhorveleg lenge, og fær ikkje Tottenham tak i ein ny spiss og ny midtstoppar av skikkeleg kvalitet, og ein god reservekeeper, kan det henda at psykologen i Norheimsund (og ein eller annan samlivsterapeut i Bergen?) fær nokon på venteliste i midten av mai, kanskje skulepresten au.

18.12.08
"American Beauty"
Dette er vel ein film dei aller fleste kjenner til. Sjølv eg som for eit år sidan hadde minimal kjennskap til film, hadde hørt om denne filmen. Fem Oscar burde tyda på at det var ein bra film. Og sidan det er ein film alle hev sett, burde vel eg hava sett honom au.Eg klarte ikkje å sjå kva som var so genialt her. Ein bleik avglans er det iallfall i høve Bergman på det beste. Truleg kjenner eg for lite til amerikansk småby og high-school-liv til at eg skjønar humoren heilt (eller eg hev sett for få filmar frå dei nemnde miljøi).
No er det slik at eg på prinsipielt grunnlag tek avstand frå filmar som er spekulative når det gjeld sex og vald. Her fell denne filmen igjennom av di han tematiserer sex mellom førtiåringar og fjortisar (som sjølvsagt er sers seksuelt aggressive og mogne, iallfall på overflata). I det heile er det sopass urealistisk at det berre vert trøyttande.
Men filmen hev forvitnelege poeng. Hovudpersonen, ein mann i midtlivskrise, tek plutseleg avstand frå vellukkaheitstyranniet rundt seg, drit i all småborgarlegheit, og som satire betrakta er denne filmen ein artig kommentar til skilnaden mellom det overflatisk vellukka og det reelle i eit samfunn som framleis er nokso viktoriansk etter europeisk standard og som dyrkar respektabilitet og karriere.
Bak karrierane og det flotte familielivet er det mykje rart, og som skildring av patetiske midtlivskrisemenner var dette artig (men for urealistisk, kor mange i førtiårsalderen kjenner du som prøvar seg på tenåringsvækjor?).
Artige innfallsvinklar er det au til amerikansk arbeidsliv, homofobi, naive foreldre, absolutt forferdelege tenåringar, håplause ekteskap som tilsynelatande er vellukka.
Men det vert for overdrive, noko som for min del dels øydelegg ein film som tydeleg er godt laga, med gode intensjonar. Min dels negative kritikk tel vel uansett lite, da folk flest allereie hev tala med føtene og setelbøkene, og det på ein måte som deltakarar og skaparar av denne filmen heilt sikkert ikkje ser på som ubillig.
Ut frå ein del filmar eg hev sett, verkar det som film som fenomen au hev ein funksjon i at filmskaparar sine fantasiar skal få utlaup og at ein skal taka opp tabu og grensor i samfunnet til debatt. At desse tabui blir tekne opp i film, heng vel au saman med at det heile tidi lyt bli meir og meir grensesprengande for å fengja. Men trass alt var ikkje dette det verste eg hev sett.
17.12.08
Når maskone fell
Livet er no slik at det vert kravd at ein i større eller mindre grad spelar rollor. Ein lyt taka på seg maskor ofte, og dette gjer noko med ein som menneske. I gamle dagar var det i mindre grad slik. Ingen tenkte at gamle bønder skulle ganga og gjera seg til på same måte som ein lyt gjera det i det moderne terapisamfunnet der ein ofte arbeider med folk og mesta er pålagd å standa fram som lukkelege, kreative og vellukka heile tidi.
I går såg ein av klassone mine Bergmans geniale film Persona, som nettopp tematiserer dette med rollor og maskor. Hovudpersonen, fru Vogler, nektar å tala. Ein terapeut byrjar tala med ho, og kjem med nokre innspel som på fascinerande vis seier noko om det moderne mennesket.
Når rollone er tunge, kan ein velja å isolera seg totalt. Det er logisk, ikkje enkelt, men lettare enn sjølvmordet. Men det er au slik at når rollone er tunge og skilnaden frå det eigentlege eg-et er stort, kjem det fram ei lyst til å verta avslørt.
Nettopp denne avsløringi er noko som fascinerer meg. For mange er det nok slik at det er da verdi dett saman, men samstundes er det noko utruleg dragande, mesta pirrande i tanken på at sanningi kjem fram og at omgjevnadane vert heilt sjokkerte. Det ekstra inciterande ved det er at ei slik "avmaskering" vil pukka på at det moderne menneskelivet bestend av mesta like mange lygner som det er menneske. Det vil gjera det klart at dei livi dei fleste av oss lever, kjem av rollor ein gjennom arbeid og medieskapte forventningar hev mått forhalda seg til, høgst ufriviljug.
Slike ålment kjende lygner er alltid spanande å avsløra, nett som når ein i den viktorianske tidi kunne pirra med litt hinting til det seksuelle. Alle visste at samfunnet var bygd på lygner, ingen tala om det høgt, og litteraturen som tok det opp, var subversiv.
Skal me kasta maskone og kasta verdi ut i kaos, eller pliktar me å lata som me er tilpassingsdyktige og lukkelege? Er dei svake, sjuke og ulukkelege menneski me ser rundt oss samfunnet sin eigentlege oppviglarar og sanningsberarar? Er det derfor svakheit og sjukdom er so forakta i dette landet?

14.12.08
Kan Island redda regjeringi?
Lat det vera sagt: Utan finanskrisa ville den sittande regjeringi tapt neste stortingsval, men viss dei no klarar å trekka ho ut og framstanda som "frelsarar" (ved å ev. brjota handlingsregelen og storbruka pengar dei sjølve ikkje hev skapt), kan det vera von for dei. Stoltenberg stend au fram som ein leiartype meir enn dei borgarlege sine leiarar.
Men det er eit anna aspekt som kan utgjera den siste avgjerande "svingen" av røyster som skal til for å sikra fornya raudgrønt fleirtal.
No er krisa på Island komen so langt at det er ein reell kans for at dei vil søke om EU-medlemskap i 2009. Dermed kan plutseleg EU-debatten verta levande att i Noreg, og alle veit kven som vil tena på at valet blir eit EU-val: Senterpartiet.
I mi syndige ungdomstid var eg med i nemnde parti, og eg var av dei som jubla da Senterpartiet i 1993 vart Noregs nest største parti med ca. 17 % (!) av røystene.
Det er mange nok tullingar som kan koma til å røysta Senterpartiet sjølv om alle andre parti sver på at å søka er uaktuelt, til at det kan sikra eit raudgrønt fleirtal i fire nye år. Dermed vert regjeringi berga av ei internasjonal finanskrise para med serinslandske tilhøve.
Det er iallfall sopass jamt mellom blokkene i norsk politikk at det eg her kastar fram som eit mogleg scenario, diverre kan verta ein realitet.
Dermed vert det ikkje noko av naudsynte reformer i offentleg sektor, kommunesamanslåingar, brigde av det uhyrlege åtaket på eigedomsretten som odelslovi og konsesjonslovi representerer, og bøndene vil framleis taka blodpris for det me trur er spesielt rein og velsmakande norsk mat. Eit sterkt Senterparti vil da hava makt nok til å setta politikken sin ut i livet.

11.12.08
Old Right og dei neokonservative
Det er vanleg i dag å tenka at den noverande administrasjonen i USA er so forferdeleg konservativ og ur-amerikansk. Det som er saki, er at dei neokonservative i Bush-administrasjonen på mange måtar er heilt annleis enn den gamle konservative/libertarianske rørsla som var mot New Deal og samstundes isolasjonistar.
Mange av dei neokonservative er folk frå vinstresida som var desillusjonerte med New Left og det kulturelle klimaet på den amerikanske vinstresida, men som eigentleg ikkje ville avskaffa velferdsstaten (noko tradisjonelle republikanarar ville). Dei søkte seg ein annan maktbase, og fann det i det republikanske partiet.
Valet av Eisehower i staden for Robert Taft til republikansk presidentkandidat i 1952 markerte vel den siste sjansen Old Right hadde til å avskaffa New Deal. Barry Goldwater hadde ikkje sjanse mot Johnson i 1964, eitt år etter drapet på Kennedy og i eit meir liberalt klima enn det som var på 50-talet (og seinare).
I innleiingi til "Reclaiming the American Right" av Justin Raimondo skriv George Carey (s. XII) dette om dei "konservative" som hev sete i Bush-administrasjonen:
"When a Republican administration, widely portrayed as perhaps the most conservative in our history, practises fiscal irresponsibility, promotes policies that expand the size of government, advances the centralization of federal authority, launches a "preventive" war [...] there is good reason to believe that something is terribly amiss[.]"
På s. XXII skildrar Carey dei neokonservative på ein måte som dei minarkistiske isolasjonistane i Old Right ville hava funne vederstyggeleg:
"[T]he neoconservatives posited the rise of a new class that was neither capitalist nor socialist, but a new supranatural elite bases on the rule of bureaucrats, administrators, lawyers, politicians, and the professional class, who would manage, if not own outright the means of production. Socialism had failed, but the laissez-faire capitalism of an earlier era was finished as well. Having long ago given up their faith in capitalism, the neoconservatives yet retained a residual distaste for capitalism."
Eit anna trekk ved dei neokonservative er at dei på sett er eit motstykke til sekulærmessianismen i marxismen, men med motsett forteikn, og etter at kommunismen fall, hev dei vendt blikket mot andre stadar i verdi, t.d. Irak. Ein skulle påtvinga alle andre land tankegangen i USA (s. XXV-XXVI):
"They jumped at the chance of embarking on an open-ended quest to make the world orderly, safe, and even democratic; indeed, they were more royalist than the king, before, during, and after the war against Iraq, urging Bush [senior] to strike as soon as Saddam invaded Kuwait and lamenting the fact that Stormin' Norman did not march all the way to Baghdad. They feel the lack of some overwhelming danger, some Satan with a sword, new reasons to pour billions into building an American Empire on which the sun never sets."
Som ein ser, er dei neokonservative ein arv etter Reagan-æraen, og etter fallet til kommunismen, hev ein leita etter nye fiendar og nye fiendebilete. Det vert sers spanande å sjå om det vert annleis under Obama. Det vert det neppe, i so fall er det ei akutt økonomisk krise som gjerer det; hugs at den amerikanske isolasjonismen vart broten under Wilson og FDR (heldigvis for Europa, lyt ein vel seia?).
Dei ein hører om som konservative i USA, er iallfall elitistiske og internasjonalistiske, og likegyldige andsynes kapitalismen, noko heilt anna enn det ein skulle tru, og i klar motsetnad til amerikansk konservatisme frå tidi før New Deal og seinare representantar som Robert Taft og Barry Goldwater.

10.12.08
"Prosessen" av Orson Welles
I kveld hadde eg ei litt annleis filmoppleving i det eg såg ein av Welles sine minst tilgjengelege filmar: "Prosessen" ("The Trial" eller "Le Procès") frå 1962.Filmen byggjer på Kafkas meisterverk, og det er klart at det er umogleg å unnganga å vurdera filmen opp mot boki i eit slikt tilfelle. Da filmen kom ut, vart han dels slakta av di filmen tek seg nokre fridomar frå boki, utan at eg er i stand til å sjå det utan vidare. Det er nemleg ei god stund sidan eg las boki.
Det som uansett er likt, er at Josef K vert straffeforfylgd for noko han ikkje veit kva er, og at samfunnet avrettar honom på slutten. Og kjensla av å vera i eit mareritt ein ikkje kan koma vekk frå, er til stadar.
Eg likte best scenor der det moderne massesamfunnet kjem fram; gedigne hallar med tusenvis av skrivarar, eit rettslokale med ditto mengde domarar, store bylandskap. På slutten vert Josef K fotfylgd gjennom nokre merkelege korridorar, me vert bombarderte med blikk frå unge vækjor, og nærbilete av augi deira para med eit stort tempo er stressande og uhyggeleg.
På mange måtar tykkjer eg heilt ærleg filmen var noko keisam fram til nettopp slutten, der det vert fleire spesielle og surrealistiske scenor som verkeleg var forvitnelege, som dei eg nenmde i førre avsnitt, springing i ekle labyrintar og røming derifrå til stadar som ikkje er betre (forfylgingi er gjennom heile filmen).
Alt i alt var det ei sær, men forvitneleg filmoppleving som eigentleg bør njotast når ein er i humør til å sjå ein litt krevjande film. Einskilde meldingar er heilt euforiske, som dette utdraget fra Jeffrey M. Anderson si:
"The Trial plays closer to an actual nightmare than just about any other film I've seen. It's filmed with Welles' usual gorgeous deep-focus black and white photography. K. moves from room to room with no seeming connection between the them. Urgent errands fall by the wayside as K. is detained or stalled by more weird characters. Even his escape from the labyrinthine justice building doesn't help much, as he doesn't seem to be able to escape to anywhere friendly.
The Trial is truly affecting in all the ways that make a successful movie. It stuns your eyes and ears with its imaginative playfulness, and it swirls around inside your brain , taking bits and pieces from your own personal nightmares and sharing them with K. It's one of Welles' greatest achievements and should not be missed."
http://www.combustiblecelluloid.com/trial.shtml
Uansett er filmen eit bra angrep på eit anonymisert, byråkratisk samfunn der enkeltmenneski berre er små brikkor i makthavarane sitt store spel. Sjølv om filmen var laga etter krigen, er det lett å sjå at boki au skildra eit samfunn der folk følte seg småe og der det var grunnlag for å underkasta seg totalitære system. Det er berre so synd at folk beit på og ikkje såg atvaringane i skjebnen til Josef K.
Filmen er faktisk i høg grad relevant i dag au, der staten vert ein større Juggernaut for kvart år som gjeng, og der overvakingsmoglegheitene hev vorte skræmande.
Kvasimodernist frå Framnes
I eit gamalt "Ljosglytt" (Framnes sitt blad) frå 1917 fann eg det næraste eg hev fenge ein modernistisk tekst skriven av eit menneske sosialisert inn i ekstremt konservativ vestlandspietisme. Forfattaren, som kallar seg "X.", skildrar koss han var aleine i eit lite rom i byen i joli. Einsemdi vert godt skildra gjennom den vantande posten:
"Det var nok snøkavarne som var skuld i at postbaaten var so forseinka, at eg ikkje hadde fenge brev fraa mor, og no var det heile 2 dagar aa venta til posten vart utboren paa andredagen."
I einsemdi på jolaftan (legg forresten merke til at personen ikkje skriv noko om korfor han sat aleine i joli) freistar "X." å lesa, men det gjeng ikkje:
"Klokkorne tagna. Eg let att, tok ei bok og byrja lesa; men eg likte ikkje boki. Eg prøvde paa ei onnor, men heller ikkje den var noko tess ikveld. Paa veggen yver bilætet av barneheimen min hadde eg fest ein liten grankvist; naar eg kjende vel etter, so kunde eg merkja angen av granbar - og joletre."
Det verkar som "X." på dette tidspunktet vert mesta desperat av einsemd, og han gjeng ein tur ut i byen, og der fær me ei lightutgåve av Obstfelders "Byen":
"Det var faae som ferdast ute no. Det saag ut til at alle hadde einkvan som venta heime. Aanei - ikkje alle. Fraa ei kaffistova høyrde eg laatt og staak og song innimillom. Det var dei andre heimlause fraa bygderne som var samla der. Skulde eg gaa upp til deim? Nei det var so leidt. Eg kjende so faae - og ikkje song dei jolesongar heller. Best aa snu heimatt."
Heime er det mesta som "X." tyr til synkvervingar for å få selskap, men tek seg i det:
"Eg stelte litt mat og la kvit duk paa bordet. Enn um eg duka til to og freista tru, at eg hadde lag. Nei, eg var daa ikkje barnagtig. Fara med slikt narreverk. Eg var van aa eta einsam og kunde nok klara det ikveld ogso. Tenk ikkje klara det!"
Etterpå vil vedkomande skriva eit brev, men han tenker at dei heime sikkert hev fenge nøgdi av brev allereie. Med denne tanken tenkt, legg "X." seg til å sova.
Men sidan dette stend i eit gamalt "Ljosglytt", er det ikkje anna å venta enn ei harmonisk "happy ending". Her er slutten av den stutte soga:
"Joledagsmorgonen vakna eg av at vertinna banka paa døri, ynskte meg god jol og sette fraa seg eitkvart ytanfyre. Eg opna og fann ei brikka med ein kopp rjukande varm kaffi og so jolekaka til; men daa skar eg i aa graata. Tenk, at der i heile den store byen fanst nokon som hugsa paa meg."
Ein lyt vel konkludera med at tidene brigdar seg kraftig, og kravi med dei. Eg trur nok dette i dag ville vore ei soge som berre var tragisk. Eit artig og forvitneleg vitnesbyrd om andre tider og annan språkpolitikk er det iallfall.

9.12.08
vækjone på brui
tri vækjor
ljost hår
blafrande i vinden
ryggar
andleti borte
lått
fagnad
hugnad
ovlette søte eimar
bedøvande
blå blikk mot elvi
elvi sin stumme song
kva er draumane dykkar
kvar er hjarti dykkar
sine heimlandstonar
kva song er det i heilen
når er tidi borte
og hugen dykkar open
kvar er dei raude landi
når bur de der
når kan eg koma dit
når kan eg nå dit
stille galdersongar
døyvd lått frå brui
heskjeleg illkyndt tagal hæding
duld åtløye
og elvi si sukkande togn
det hev ikkje du noko med
det hev ikkje du noko med
ljost hår
blafrande i vinden
ryggar
andleti borte
lått
fagnad
hugnad
ovlette søte eimar
bedøvande
blå blikk mot elvi
elvi sin stumme song
kva er draumane dykkar
kvar er hjarti dykkar
sine heimlandstonar
kva song er det i heilen
når er tidi borte
og hugen dykkar open
kvar er dei raude landi
når bur de der
når kan eg koma dit
når kan eg nå dit
stille galdersongar
døyvd lått frå brui
heskjeleg illkyndt tagal hæding
duld åtløye
og elvi si sukkande togn
det hev ikkje du noko med
det hev ikkje du noko med
8.12.08
Karbohydrat i maten
Sidan eg er ein gift mann, lyt eg underkasta meg mange strenge regime. Kjerringi er ein ikkje liten "health-faddist" når det gjeld mat, og hennar idiosynkrasiar i matvegen hev smitta over på meg au.
Noko hev iallfall brigda seg i matvegen det siste året, den klåraste skilnaden frå før er at mengdi kvitt mjøl og sukker er vorte skoren ned på.
Det merkelege er at eg no kjenner meg uvel etter måltid som inneheld mykje av dei nemnde ingrediensane.
I dag kjøpte eg meg tri fleskepannekakor i Norheimsund, ein rett som i praksis bestend av 85 % kvitt mjøl. Etterpå vart eg plaga med trøttleik, tendensar til halsbrann og sure oppstøyt, mental letargi, generelt følte eg meg litt eleg.
Eg merka ikkje slikt før, men når ein er vorten van med sunnare mat, merkar eg skilnaden på kroppen på ein heilt annan måte.
Eg vil tilrå alle å prøva eit kosthald med mindre karbohydrat (serleg kvitt mjøl og sukker), og meir kjøt og fisk (protein), gjerne med økologiske råvaror som ein sentral del av det.
Mat er visst halve helsa. Sjølv om det er litt overdrive, er det ingen tvil hjå meg at det mange reknar som "normal" mat, eigentleg ikkje er spesielt helsebringande. Inntrykket mitt etter eit år med empirisk testing av ei anna samansetting i matvegen overtyder meg iallfall om at det er mykje å henta der for dei som ikkje er so gira på trening.
Det som er tragisk, er at det ikkje er råd for folk med lægre inntekter å kjøpa reelt sunn mat. Det triste med alle avgifter er at dei med minst frå før, vert råka hardast, og fattige i Noreg vert tvinga til å eta billeg, usunn mat, eller i alle fall å nedprioritera sunn mat.

7.12.08
Folkeleg på sundagskvelden
Det herlege med sundagskveldane for meg for tidi er at eg fær gassa meg i det folkelege. Alle som kjenner meg, veit at eg ber på ein stor, reint ut sagt ufatteleg, lengsel etter folket og det folkelege, og kvar sundagskveld fær eg ei euforisk oppleving i so måte. Da gjeng nemleg "Åndenes Makt" på TV Norge.
Personleg trur eg mykje av innhaldet er basert på juks og hysteri og er litt usikker på kva eg skal meina om det. Spesielt kristeleg kan det iallfall ikkje kallast.
Men det som for meg er det store, er møtet med menneski i serien. Stort sett tilhører desse det ein kan kalla arbeidar- eller lægre middelklasse, nett dei menneski som for meg epitomiserer folket, det folket eg forlengst hev kome vekk frå og vel aldri hev kome skikkeleg inn på.
Folki som er med, er ofte greie og liketil, det er liksom ikkje noka dobbeltheit eller "cunning" hjå dei, og ikkje er dei akademiske eller pretensiøse. Ein fær au ei kjensle av at alle middelklassemaskone av perfektheit og vellukkaheitsattityder so mange av oss (til stor skade for sjeli) ber på, er befriande langt vekke.
Spøkjelsi er tydelegvis i fleirtal hjå dei lægre sosiale lagi, kan det verka som, og heldigvis for meg. Tenk viss dei gjekk at i heimane til den øvre middelklassen. Men dei er ikkje so dumme at dei stend fram med slikt på TV, og det er eg takksam for. Elles hadde ikkje "Åndenes Makt" vore i nærheiti av det det er no.
Iallfall: I kveld skal eg gassa meg i folkelegheit før eg legg meg på sengi med ei lite folkeleg bok, eit sovemiddel som mesta alltid funkar for oss framandgjorte menneske i vellukkaheitstyranniet si kvasse og nedtrykkande verd.

Pussig facebook-gruppe
Som kjent er det ei sak i Romsdal for tidi, der indremisjonsfolk boikottar ein homoliberal prest, Sondre Stabell Kulø. Som venta er det kome sterke reaksjonar på dette. Her vil eg allereie nemna at dette innlegget ikkje handlar om homofilt samliv, men om grunnleggande fridomar som den vestlege verdi slik me kjenner ho, er bygd på.
Giske seier at "Å oppfordre til boikott fordi man er uenig, er å gå for langt. Uansett hvilket syn en måtte ha", og at "[d]enne type oppfordringer svekker menigheten. Hvis alle som var uenige i en sokneprests ståsted i alle saker skulle oppfordre til boikott, da ville det bli slike aksjoner i samtlige menigheter i landet".
Til det er vel berre å seia at alle som vil, hev rett til å arrangera boikottar, og at det er ein menneskerett å boikotta det ein vil. Det positive med Giske sine uttalingar i Romsdals Budstikke er at han ikkje antydar noko om sanksjonar mot dei det gjeld.
Men det er oppretta ei facebook-gruppe, "Støttegruppe for Sindre Stabell Kulø", som er mykje meir militant. Her er beskrivingi av gruppa:
"Sindre Stabell Kulø har av Nordmøre og Romsdal indremisjon blitt nektet å holde kurs for konfirmanter på indremisjonens område på grunn av sitt positive syn på homofiles rettigheter. De har også oppfordret til boikott av hans gudstjenester. Dette må slåes ned på, og derfor har jeg valgt å opprette denne gruppen. Tips alle du kjenner om denne gruppen. Med ett høyt nok medlemstall vil vi forhåpentligvis kunne gjøre en forskjell!"
Her stend det alsto rett ut at Indremisjonens handlingar "må slåes ned på". Kva gale er det so Indremisjonen hev gjort, ifølgje denne gruppa? Det er to ting:
1. Dei nektar presten å halda konfirmantkurs på deira eigen eigedom.
2. Dei vel å ikkje ganga på gudstenestor og/eller oppfordrar andre til ikkje å gjera det.
Indremisjonen sin bruk av privat eigedomsrett og trus-, tanke- og ytringsfridom vert altso fordømt i sterke ordelag. Eg vil tru mange av oss er so vane med hæding av konservative kristne syn at vi ikkje reagerer på det vederstyggelege som prinsipielt ligg i slike tankar.
Viss "må slåes ned på" inneber sanksjonar som igjen skal innebera ubehag (og det må det vel, skal det vera nokon vits?), kan vel ikkje det tyda anna enn at det offentlege, ved politi og rettsvesen skal taka tak i det?
Men sovidt eg veit, er det 95 % av folket i Norge som kvar bidige helg vel å ikkje ganga i kyrkja. Kven skal forfølgja dei?
Og koss skal slikt handhevast i praksis? Skal politiet kjøra og henta 50-100 indremisjonsfolk kvar sundag for at dei tvangsmessig skal legitimera og hylla ein liberal prest dei er ueinige med og difor ikkje vil høra på? Rykti seier at det er mangel på politifolk i Noreg allereie, men vil ein nok, finst vel pengane. Indremisjonsfolk er sikkert ganske fredelege au, so kanskje det held med vektarar?
Tankegangen bak ei slik gruppe er ikkje anna enn kvasi-fascisme, der staten bestemmer kva folk skal meina om det meste, og nåde dei som ikkje er med på leiken, måtte dei brenna opp med eld! Eg vil tru at dei som laga ei slik gruppe, ikkje tenkte heilt igjennom kva dei meinte med beskrivingi.
Sjølv er eg av den meiningi at det som hev bringa den vestlege sivilisasjonen der han er i dag, er trus-, tanke- og ytringsfridom, i tillegg til den private eigedomsretten, og den som gjeng til åtak på det, gjeng eigentleg til åtak på alt som heiter fridom.
Men den som støttar meg i det, må også tola at folk kjem med syn ein er ueinig i. Eg må tola kristenhets, andre må tola at folk er mot homofilt samliv.
Eg må au respektera at folk er imot dei nemnde fridomane, men da syng eg ut, og eg oppfordrar folk som meiner at trus-, tanke- og ytringsfridom er av det vonde, til å spela med opne kort.
I Noreg hev me på godt og vondt ein sterk stat. Den gamle Adam ein da alltid må kjempa mot, er freistingi til at Staten skal kontrollera meir og meir og til slutt alt. Gløymer ein den kampen, stend ein fort med båe beini langt ned i totalitæriteten sitt tyranni, og der er det vel berre dei svakaste, vondaste og mest angstridne av oss som vil vera?

facebook,
politisk korrektheit,
teologi
Darren Anderton gjev seg
Som ihuga Spurs-tilhengar er det litt rart når den spelaren med flest kampar i Premier League for Tottenham gjev seg med fotballen, men det gjorde altso Darren Anderton i går.Han var rekna som eit stort talent da han kom fra Portsmouth i 1992, og han hadde tri sesongar som gjorde han frykta, til landslagsspelar og aktuell for United. So kom al-Naqba i livet til Anderton. Tri sesongar gjekk der han nærast var skadd heile tidi (for so å verta frisk til EM og VM...).
Etter desse tri sesongane var han berre ein skugge av sitt tidlegare sjølv i Spurs-trøya, og meir og meir frustrerande å sjå på, der han jogga rundt og krossa inn nokre ballar innimellom.
I 2004 kvitta Tottenham seg med honom, og no hev han vegetert i Bournemouth dei siste åri. Han sagde frå på førehand at han gav seg i går, og han gav seg "with a bang", ikkje "a whimper". Han scora det einaste målet i kampen som Bournemouth vann 1-0.
Dette var ein verdig slutt for ein spelar som hadde potensial til å verta ein av dei store i engelsk fotball, men som diverre fekk karrieren øydelagt av skadar. Uansett har Anderton vore ein sentral del av det vaksne livet mitt - mest på vondt må eg medgjeva.
1.12.08
Salò
I helgi hadde eg ei av mine mest bisarre filmopplevingar: Pasolinis Salò, etter Marquis de Sades Sodomas 120 dagar. Handlingi er lagd til byen der Mussolini oppretta ein fascistisk stat mot slutten av andre verdskrigen. I eit flott palass hev fire høgtstandande fascistar samla mange unge menner og kvinnor. Der vert desse unge stakkarane utsette for stadig fleire fornedringar og tortur heilt til det mot slutten kjem ein orgie i tortur.
Det er ikkje måte på i denne filmen: valdtekter (i alle kategoriar), tvangsforing med avføring, avkapping av tungor, brennemerking, utskjering av auge, slutten indikerer at alle dei unge skal torturerast til daude, til dei høgstandande si store forlysting. Det skal lell seiast at scenone er prega av å vera laga i ei anna tid og ikkje so ille å sjå på som dei nok kunne hava vore i dag.
Denne filmen vekte åtgaum da han kom ut, mindre åtgaum vekte det neppe at regissøren døydde under mystiske omstende kort tid etter at filmen kom ut.
Ein slik film stend i ein fare for å bli vurdert på to måter: spesiell og genial for dei som ser noko djupt i honom, spekulativ og dustut for dei som ikkje gjerer det. To saksingar frå ulike meldingar vil tydeleggjera dette. På BBC sine sidor skriv meldaren Michael Thomson at
"why the British Film Institute should re-release Pasolini's "Salò" (which was awful in 1975, and is still awful now) is anyone's guess. Perhaps, at a time when promotional budgets for non-mainstream films are almost invisible, the BFI knows all too well that a film stuffed with brutal demonstrations of power and perversion of every kind will at least get noticed.
Yet the re-launch of "Salò" is, just as the making of it was, a sad, if spectacular, waste of energy. Notionally a metaphor for Fascism (it is set in Italy in 1944), and specifically about the connection between politics, violence, and sexual excitement, "Salò" has in fact no meaningful link to Fascism whatsoever, but is simply a display of twisted lust, spun by the fantasies of four extreme perverts, not to mention the director himself. Clearly Pasolini (who could either be exceptionally inspired or - as here - absolutely dire) had hit the creative buffers, and so - in his tale of four power-mad, sexually-warped members of the ruling elite - seems to relish serving up endless examples of the most gruesome conduct, which include the forced consumption of food spiked with nails, nipples being branded, and - most ghastly of all - the consumption of excrement. Needless to say, the young men and women horrifically abused by the four condescending establishment tyrants are treated like so much available meat.
Grim and pointless in equal measure."
Thomson slaktar altso filmen, m.a. av di han ikkje ser noko samband som helst til fascisme, og dermed vert dette ei meiningslaus oppvising i valdsscenor: søppel og vekkasta tid.
På dvdtalk.com kjem eit rakt motsett syn fram i det Bill Gibron skriv:
"In some ways, it's better to begin this review by commenting on what Pier Paolo Pasolini's Saló is not. It is not the most horrific or grotesque movie ever made. Certainly, the revolting elements used by the filmmaker to fashion his "power = corruption" rants are truly disturbing, but they are often buffered by an aesthetic detachment that's so remote it leaves their impact suppressed. Similarly, this is not a complicated cinematic screed. From the moment we witness the forced marriage of the libertines' daughters to said madmen in charge, we realize that Pasolini is offering a very obvious allegory. By moving de Sade into the 20th century, and using Mussolini and his complicit populace as metaphors, the notion of authoritarianism as an ugly aphrodisiac for all manner of debauched behavior is crystal clear. Finally, it is not child pornography. Granted, the sight of several underage actors posing in various stages of undress (including copious full frontal nudity) will be alarming to our post-millennial PC posturing, but again, this director doesn't sensationalize sex. Instead, it is handled in such an impartial, almost inert manner that only the most psychologically disturbed pervert would find this film enticing.
Indeed, Saló, or the 120 Days of Sodom is one of the most uncomfortable experiences you will have with an arguably classic film. It will play out in slow, deliberate steps, as talky as it is tasteless in its ideas and illustration of same. In a rare example of an artist putting his beliefs where his box office lies, Pasolini takes aim at a viewership drunk on his previous "Trilogy of Life" (The Decameron, The Canterbury Tales, and Arabian Knights) and condemns them for enjoying his counterculture takes on sensuality and lust. He then decides that the rest of society needs censure as well. By taking on what he perceives as the new, post-modern fascism - the notion of personal happiness achievable via consumption and the amassing of goods and material possessions - Pasolini lets no one off the hook. He is especially hard on those who play the victim. Throughout Saló, we see adolescents greedily partaking in the vices, enjoying aberrant sex, rape, random acts of violence, and mindless hedonistic indulgence. One of the reasons viewers will find this film offensive is not in its images. While intense, the concept of complicity is far more disgusting.
In fact, the main theme of Saló is that the corruption of power cannot be achieved without the willingness of the people to allow and foster it. This makes the movie a timely piece, no matter the political era. But it goes much deeper than this. Pasolini proposes that the two are so inexplicably intertwined that it's impossible to have one without the other. Take the libertines. They want to indulge their repugnant whims, and they use the children of local revolutionaries, intellectuals, and free-thinkers (the natural enemies of fascism) as their prey. During the minimal dialogue that doesn't involved acts of foul fetishism, we discover that most of the parents put up little or no fight. One child mourns a mother that drowned herself trying to stop her abduction. Pasolini plays the scene as if to condemn the crying girl. Along with the prostitutes/madams (taken directly from de Sade) who provide a insidious running commentary on their underage exploits and molestations, we become awash in a nonstop barrage of human iniquity, behavior and discussions of same. They are so unconscionable as to shake the very foundation of our morality. Movies are rarely this provocative - or painful in the process."
Gibron ser ting i filmen som Thomson (og eg) ikkje ser, og dermed vurderer han filmen totalt annleis. Sjølv tykte eg dette vart noko spekulativt og sært, og eg klarte heller ikkje å sjå samanheng korkje til fascisme eller autoritarianisme i denne filmen. Men for all del: betre enn Tarantino!
Subscribe to:
Posts (Atom)