For to dagar sidan fødde systeri mi ein son. Det er no ikkje so spesielt. Det som er spesielt med denne fødselen, er namnet på guten: Hovlik. Som ein kan sjå, bestend det i den formi namnet er i no, av to lekkar som er kjende norske ord:
hov: heidensk gudshus i norrøn tid
lik: død lekam, dødt menneske
Namnet gjev kanskje ikkje dei aller beste konnotasjonane!
Hovlik er ei dialektal form av det i hovudsak mellomalderlege namnet Hugleik, og det hev funnest i denne formi i eit lite, avgrensa omkverve i Noreg. Namnet er ei oppattkalling. På garden der namnet åt mor mi kjem frå, hadde odelsgutane alltid eitt av to namn: Anders eller Hovlik. Det er grunnen til at syster mi (og eg) kjenner til dette spesielle namnet. Den siste bonden på garden som hadde dette namnet, var tippoldefar min.
Ifylgje ssb.no er det i dag 3, 2, 1 eller 0 menn som hev dette namnet til førenamn. Og dette arkaiske namnet skal altso guten hava med seg inn i livet. På sett og vis er det jo litt artig at eit slikt namn stend opp frå namnedauden, men om det vert til bate for guten, vil tidi syna. Merksemd vil det iallfall vekka.
28.8.09
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
7 comments:
Sei meg, har du bytt namn frå Våg til Vaag? Kjem du opphaveleg frå Aure?
Tidlegare elev
Det er mangt ein kan finna ut ved å klikka på linkar...
Eg hev bytt namn to gongar, ein gong tok eg inn eit mellomnamn, då vart skrivemåten til Vaag av ein eller annan grunn brigda til Våg. So brigda eg han attende til Vaag då eg gifta meg.
Kor eg er frå? Eg skjønar godt at du gissar Aure, for å seia det slik. Det er logisk at du gjerer det. Spørsmålet er om ein alltid skal stola på logikken:)
Merk at "hugleik" ikkje tyder kjærleik, slik mange trur. Hug-leik = tankeleik, dvs. fantasi.
Kva med gammelonkel? Han heitte og Hovlik Anderson, faren til Kristi Ivagala. Ellers så er Hovlik eit aurgjeldsnamn, så det ekstisterer berre ein i heile Norge. Ein finn namnet kun i Aure, litt i Hemne og litt i Halsa, stort sett i Aursundet/Vinjefjorden faktisk, Bergfald, Vik, Aalmo og Engdalen. Det som er mest morosamt er vel at guten og faren har same tipptippoldefar, altså vår tippoldefar :)
Pappa har forresten døypt alle ungane sine Våg, han bytta nemleg til det namnet sjølv, då han gjekk på folkehøgskule. Så den første Vaag-en din er nok folkeetymologi ;)
Kjersti Marit
Eg kjenner sjølvsagt til faren til Kristi. Når det gjeld Vaag, stod det på dåpsattesten min. Iallfall er eg glad eg fekk ordna det med to a-ar...
Om Hovlik: Dette er et navn som er godt kjent i min familie. Hver gang det kommer nye barn til verden og det diskuteres navn til barnet foreslås det "Hva med Hovlik?" Det er nemlig en gammel slektshistorie om en Hovlik som reiste til Amerika en gang for lenge lenge siden, og omstendighetene da han kom hjem igjen derfra. I den slekta het annenhver generasjon Anders og annenhver Hovlik, og du gjetter kanskje på det samme som meg, nemlig at dette må være samme slekt:-) Grunnen til at jeg kom inn på din blogg er at jeg venter barn, og googlet navnet Hovlik i forbindelse med navnediskusjonen. Det er en fornøyelse å se at navnet er tatt i bruk! H.B.
Kjære HB, skulle du finne på å ta i bruk namnet, kunne eg veldig gjerne tenkt meg at du tok kontakt :) Det hadde jo vore morosamt om dei einaste to i landet, og som mest sannsynleg er i slekt hadde møttest ein gong.
K.M. Vik.
Post a Comment