30.9.09

Blogg på i-mål!

Det du no les, er ein nettstad som frå februar 2007 til september 2009 eksisterte for å propagandera for i-målet. I treet til høgre kan ein finna alle emni det er skrive om og slik finna tekstar på i-mål om ymsande emne.

Når det viser seg at den skriftspråklege revolusjonen i Noreg ikkje vart trigga av denne nettstaden lell, er det like greitt å gjeva seg medan leiken er god. Det er lite truleg at i-målet vert det einaste skriftspråket i Noreg, og ein lyt nok berre godtaka nederlaget.

I og med at nettstaden hev eksistert som eit utstillingsvindauge for i-målet, tykkjest det rart å skifta målform, så dette innlegget er det siste som vert publisert på denne nettstaden, som heretter er å rekna som ei slags oppsummering av tankar skrivaren hev hatt i det nemnte tidsrommet.

12 comments:

akm said...

Skal du blogge et annet sted i stedet da?

Barbro said...

Neimen Tore, gir du deg? hva er du mest lei, å skrive på i-mål, eller å blogge generelt ?

hlewagastiR said...

akm: Det vil tidi syna. Eg hev ingen annan blogg nett no...

Barbro: Eg er ikkje lei av å skriva på i-mål, men eg trur ikkje det vinn lell. Men eg skal innrømma at bokmål er hjartespråket mitt av skriftspråki (eg tenker bokmål). Og eg er litt, men ikkje veldig, lei av blogging. Eller litt på grensa til ganske er vel meir korrekt.

Anne Severine. said...

SÅ trist å lese at du legg blogginga på hylla :( Har vore veldig kjekt å interessant å følge med på bloggen din! Sei i frå om du finn ut at du opprettar ein ny blogg ein gong i framtida :)

hlewagastiR said...

Anne: Det er ikkje sikkert eg legg bloggingi på hylla, men eg hev ingen blogg no, og blogging på i-mål er definitivt forbi!

Bodil said...

Ser frem til når du starter ny blogg for å propagandere for riksmaalet. Det har jeg mer sansen for. :)

hlewagastiR said...

Bodil: Det vert nok ikkje riksmål. Som norsklærar ser eg meg forplikta til å halda meg innan gjelfande rettskriving viss eg skal publisera noko offentleg. So ein eventuell ny blogg vil halda seg innan rettskrivingi. Men elles tykkjer eg absolutt riksmål er betre enn det utvaska dvaskespråket som heiter bokmål.

Anonymous said...

Hei

Synes det er trist at du gir deg med i-målet i den offentlige sfære. Jeg har lest i bloggen din titt og ofte, noe jeg har gjort med fornøyelse. Har lest det du har skrevet om hjertespråk. Kanskje bokmålet egentlig er ditt hjertespråk, men for meg som leser virker det i såfall som du er to-språklig. Lykke til med hjertespråket, uansett!

Hadde deg i norsk en gang i tiden, og jeg må si at det var grunnet denne undervisningen jeg senere ble kvitt min aversjon mot nynorsk. Jeg har til og med angret på at jeg aldri gikk mer inn for å utvikle nynorsken min. Det går jo tydeligvis an å være tospråklig :) Hadde jeg bare forstått den gang da hva jeg nå har innsett.

Igjen, lykke til!

hlewagastiR said...

Anonym: Takk for det! Slikt er alltid hyggeleg å lesa for ein lærar!

Marte Martilla Midtgarden said...

Eg lyt vere einig med dei andre som har lagt inn kommentar her. Det har vore spanande og lærerrikt å følgje med på bloggen din!

hlewagastiR said...

Eg takkar for det, Marte!! Triveleg å høyra!

Little Man From Another Place said...

Se, her er jeg i ny skikkelse...