3.9.09

Ibsen. Løftet


Løfte: Eg skal i laupet av hausten freista koma meg gjennom alle skodespeli åt Ibsen.

I overskrifti ligg det eit ordspel. Det er eit løfte at eg skal freista koma meg gjennom skodespeli hans, og det å gjera det inneber eit daningmessig løft som vonleg vil gjera meg til eit betre, meir dana menneske og legitimera det at eg underviser elevar i vidaregangande i norsk. Ein norsklærar lyt vera toppdana, og på norsk finst ingi daning høgare enn Ibsen.

Visst veit eg at Ibsen ikkje lenger er nemnt spesifikt i læreplanen. Denne nasjonale skammi er det heldigvis ikkje eg som stend bak. Det eg veit, er at Ibsen er so stor at kvar gong ein les eit stykke av honom (stort sett iallfall), fær ein noko nytt, og at han er den absolutt sentrale forfattaren i norskfaget. Og so hev eg lyst til å prøva ei utsegn av Jon Fosse; at det er noko veldig svart og demonisk i diktingi åt Ibsen. Eg skal leita etter og freista kjenna dei mørke og demoniske sidone i verki. So fær ein sjå om eg kjem i mål i laupet av hausten. Det var dette med at det er so mange bøker ein skulle hava lese...

0 comments: